Ráisvuopmi.

Området er på vel 200 km2. Kartblad Ráisjávri 1833 III og Çierte 1733 II. Dette er det søraustlege hovedtilløpet til Reisaelva (Ráiseatnu). Området omfattar den delen av nedslagsfeltet som fysisk heng i hop med sjølve Finnmarksvidda. Det kartlagte området følgjer her fylkesgrensa, derfor er ein del av nedslagsfeltet sør og aust om grensa ikkje undersøkt. Heller ikkje dei to agnordalane langs Çiegnáljohka og Njárggajohka er tatt med i heile si lengde.
Både tilløp og avløp ved Ráisjávri gir grunnlag for store våtmarkssystem på grunn av det flate landskapet. Myrtypane og sumpområda er mangesidige og ulike. Her finn vi dei første velutvikla palsmyrane i nedslagsfeltet. Via Bávdnjaleamói går palsforekomstane så vidt inn i Nállaávþi.

Sjølve Ráisjávri er 5 km2, og eit tjuetal mindre sjøar omkring utgjer omtrent like stor flate. I desse sjøane er det austfisk, åbbor, sik, gjedde, lake og ørekyt. Strendene ved Ráisjávri har flott, raud granittsand. Det er store område både kring sjøen og elvane at det er oversvømt om våren, og «nil-sonane» er velutvikla. Botanisk er det mest fattigmyr og mediummyr, men i Goikefielbma er det oppdaga eit rikmyrsystern med ein spesiell og sjelden flora, først og fremst myrsildre (Saxifraga hirculus).
Mellom Ráisluoppal og Báljesoaivi har elva tydeleg skifta løp minst ein gong. Gievajohka, som nå er ein bekk, var ein gong hovudelvefar. Seinare har elva skore seg ned i grunnfjellsgranitten mellom Miettavárri og Vievssisgielaš, slik at det har oppstått ein såkalla UV-dal med ein trong canyon. Her er det mange underlege og vakre granittskulpturar. Ein stad står det ei slik gruppe av tre figurar i lag, mens ein fjerde står litt for seg sjølv. Da vi oppdaga desse i 1975, var «firepartsmodellen» under SV-samlinga aktuell, og vi fann straks likskapar med dei leiande personane i det aktuelle dramaet. Spesielt NKP-formannen i einsam majestet litt vekk frå dei andre tre, var ikkje til å ta feil av. Til overmål er dei jo raude. Sporenstreks vart foto avsendt til fylkesmann Martin Buvik, som lattermildt sette embetsstempel på at figurane skulle heite «Finn», «Reidar T.», «Berit» og «Martin G.». Samla er namnet «De fire røde trolla i Ráisavuopmi».
Kverndal (1995) seier at forekomsten av agnordalar betyr at v-forma nedskjeringar er ein god del yngre enn hoveddalføret. Slike agnordalar finn ein heilt til nedre delen av Ráisvuopmi. Også lenger ned i dalen har vi to store elvar som renn i «feil» retning: Geatkejohka og Giebajohka. Men her er truleg forklaringa ei anna.

Etter møtet med Njállajohka krokar Ráiseatnu frå vestleg til nordvestleg løp. I denne «kroken» ligg Suorreçohkka og Gaskkasçohkka. På den første ligg det små restar av skyvedekke. Vi er her i grenseområdet til dividalsdekket, men dette er lite utvikla, så grunnfjellsbergartane dominerer, og området har nokså triviell vegetasjon. Heller ikkje rasmarkene ned mot elva ved Jiertafossen har gitt særleg spennande funn. På elvebankane finn vi dei innerste utløparane av olderskog i dalen. Viktigaste enkeltfunn her er småjonsokblom (Silene furcata ssp. angustiflora). Men denne har underskrivne aldri klart å finne.

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...