Røyelen - Fávrresorda og Kildalen

Røyelelva kjem frå den skoglause leina Fávrresorda mellom Roggilnjunni, Ávku og Bálggesoaivi. Alle fjella ikring er kjente botaniske lokalitetar: I Ávku finn vi den endemiske underarten avkuvalmue (Papaver radicatum ssp. avkuënse), i Bálggesoaivi finn vi svartkurle (Nigritella nigra), og i Lulisfjell veks bergjunker (Saxifraga paniculata ssp. laestadii).
). I alle fjella er desse omgjevne av mange bisentriske og nordleg unisentriske artar. Det ligg eit framlegg om å gjere området til eit landskapsvernområde. Det er ganske intens beiting både av rein og sau i området, men dette utgjer ikkje noka fare her, da dyretalet er akseptabelt, og det ikkje er reingjerde slik som på Gahperus. Den beitinga som skjer her, kan muligens vere direkte nyttig for dei sjeldne artane. På grunn av veksling mellom morenemateriale og forvitringsmateriale, og på grunn av den slake hellinga i Fávresorda, blir store delar av dalen influert av sigevatn med ganske høg pH. Dette saman med beitinga har utvikla eit system av sigevassmyrar og lågurtheier, med lyngheier innimellom. Denne vegetasjonstypen er det lite av elles i nedslagsfeltet.

Røyeldalen under skoggrensa er prega av den gode fjellgrunnen. Det er store høgstaudesamfunn med bjørk og older langs elva, og det er rike høgstaudesamfunn og lågurtsamfunn i sidene på Ávku. Myrane under skoggrensa er middles rike. På ei av dei er det funne

Kildalen. (Samueldalen og Çillavággi).

Kildalselva kjem inn frå vest like før utløpet, og må vel reknast med til Reisavassdraget. Den nedre delen er bebygd. På Storbakken er det morener som er flata ut av eit havnivå. Frå kraftverket og innover er det mest forvitringsmateriale med til dels ganske hard og fattig gneis (arkose) som er sterkt omdanna. Dalbotnen er nå fylt opp med eit kraftmagasin, og langs dette er det lyngbjørkeskogar og fattig til middels rik myr. Lenger ut mot Bæssetindan er det igjen rikare fjell.

Ut mot Storslett går det ei forkastning under Jyppyrä aust for dalen, og denne kan ein finne spor av også på vestsida. I Snøfonnfjellet og Grønnfjellet mot vest er det rike lokalitetar, og dei samme laga finst langs forkastninga også på austsida, i Jyppyrä og det bakanforliggande Lulisfjell. Det er spesielt rabbevegetasjonen som er særprega her. Snøfonnfjellet har forekomst av krypsivaks (Trichophorum pumilum), og Lulisfjell har bergjunker (Saxifraga paniculata ssp. laestadii).

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...