Ruovtasavzi og Cievraavzi

Ukjent villmark nær allfarvei

Alle som går etter stien i Reisadalen oppfor Voumatakka, ser to dalkløfter på den andre siden av elva. På kanten av den ene - Ruovtasavzi - er det muleg å skimte merkelege steinfigurar, men sjølve dalane er det lite å sjå.
Dei få menneska som har tilhald på austsida er båtfolk, ikkje fotfolk. Derfor er det nesten ingen som kjenner desse dalene, verken av lokalfolk eller turistar.

Av Hartvig Sætra

Det var Nordreisas landskjente amatørbotanikar Yngvar Mejland som satte meg på sporet av desse dalane. Han meinte at det var nytt å oppdage der. Men sjølv var han for dårlig til beins sist i 60-åra til å gå dit.

Kvar einaste sommar har eg kasta blikket over elva ved Cievra, men det var først i 1987 eg tok meg til å realisere turen. Eg vart ikke vonbroten.
Ruovasavzi

Ruovtasavzi

Ein tidleg morra står eg i dalopninga under ei steinstøtte, som mest liknar ein stor, tung fugl. - Kanskje det er fugl Dam i eventyret, han som verna kongssonen mot dei vonde maktene?

- Ved inngangen til ein slik floke av urder og flåg, kan nokon kvar av oss trenge ein hjelpar. Det er ein smal rygg som skil dalopninga frå skjølve Reisadalen. På denne er det også steinstøtter. Ved foten av den eine støtta kan eg omtrendt spytte ned i begge dalane. Og på den kvasse eggen står sjølvaste bergfrua - Saxifraga cotyledon - og lysaer i brennande soldis. Det er 26 grader denne dagen, - ein av dei få sommardagane i 1987.
Flågmure
Flågmure - Potentilla chamissonis
Inni den tronge dalen er det enda varmare, og lufta står stille mellom knusktørre rasmarker. Og så står det brått ein bukett av gule blomstrar midt i rasmarka! - Eg hadde venta dei, - men ikkje så mange, og ikkje så store. Det er flågmure - Potentilla chamissonis - ein sjelden vestleg innvandrar på nordkalotten frå det fjerne Labrador og Grønland. Her i Ruovtasavzi er det ein staseleg plante på opptil 50 cm, ein bukett av greiner frå samme rot, med eit mylder av store gule blomar. Lokaliteten er lik den ein kjenner fra før, kalkrike flåg og rasmarker i det inder av nordkalotten. Det er nesten alltid få eksemplar av arten på kvar plass, og arten er ekstrem sårbar for innsamling. Men her i denne kløfta er det rikelig. Eg kunne telle omkring 350, mange av dei på utilgjengelige hyller. Forekomsten i Ruovtasavzi må vere ein av dei største på nordkalotten, - og dermed i Europa i det heile. I tillegg var det i overkant av 100 eks. i Cievraavzi. Dette gjør desse to dalane, og nasjonalparken generelt, til eit hovedområde for flågmuren på Nordkalotten.
murburkne
Murburkne - Asplendium rutamuraria
Flågmuren er ikkje åleine. Her er også fjellsolblom - Arnica alpina - og i litt fuktige dråg er det kalkplanter som reinrose, gulsildre, svartsorr, hårstorr, sotstorr, sandfiol og bergveronika. Heten er sterk, men langsetter den kalde klare bekken står det olderskog som eit svalande vern. Under den er det godt å gå, og intenst grønt og frodig. Knappsoleia lyser opp, spesielt der solstripene trenger gjennom lauvverket. Heile bekken er som eit kjeldesamfunn, i kontrast til nakne, 200 m høge bergsider og grå, tørre, storsteinete urder. Det er som ein oase, ein ørkenhage med kvann, knappsoleie, vendelrot, geitrams og hundkjeks.

Innerst deler dalen seg. Sørdelen ender blindt, mens nord-delen har eit fossefall på over 100 m ned frå Mollesvuopmi-platået. I veggen nær fossen finn eg eit par forkomne eksemplar av murburkne - Asplendium rutamuraria. Det er første gong i Nordreisa.
  text/htmlFlågmure
text/htmlmurburkne
application/octet-streamLes del 2 av artikkelen

Tips en venn
Tips en venn
eller del på..


Here, fishy fishy fishy...